Hyttedraumen

Byggteam hjelper deg med å realisere hyttedraumen.

Hytte ved sjøen eller hytte på fjellet? Vi kan byggje den for deg. Ynskjer du hytta litt annleis, så er vi behjelpelege med arkitekttenester.

Å bygge hytte til familien skal være ei god oppleving. Draumane, beslutningane og planlegginga skal være ei god oppleving. Det same skal byggetida vere - denne spennande perioden der materialar og tilfang blir til familiens andre heim.

For ikkje å snakke om etter overtakinga. Det viktigaste vi som fagfolk kan bidra med er TRYGGHEIT. Derfor brukar vi eit kvalitetskonsept som tek føre seg heile prosessen frå A-Å.

Ynskjer du å vite meir om prosessen, korleis du skal gå fram?

Det første du må gjere er å finne den perfekte tomta. Det er der du kjem til å vere i helgane og feriane. Og når du blir pensjonist så skal dette være ein herleg feriestad å reise til.

Når du har funne den perfekte tomta, er jakta på den perfekte hytta for deg og dine behov neste steg. Hytta vil vere din andre heim i mange år og er ei stor investering.
Byggeperioden - det er no du virkelig ser draumen blir realisert. Vi ynskjer åpenheit om alt vi gjer, og vi ynskjer at du skal stille spørsmål. Du er velkomen på byggeplassen etter avtale, og vi vil at du skal delta på et antal møter i lag med handverkarar og byggeleiar.

Disse møta gir deg inngåande kunnskap om ditt eige fritidshus.

Livet i den nye hytta - då er draumen realisert og det er viktig for oss at du som kunde skal være nøgd.
Ta kontakt så skal vi hjelpe deg med hyttedraumen.