TOMTER TIL SALGS I NAUSTDAL
I første byggetrinn i Sylvdalen har vi ti tomter for einebustad for sal. Alle tomtene ligg fritt og luftig til, og får flott utsyn over fjorden og Naustdal sentrum.
PRAKTISK INFORMASJON OM KJØP AV TOMT
Kjøp av tomt er lagt opp slik: Kunde signerer på eit dokument som er bindande ut år 2024. I denne fasa er det ingen innskot av betaling. Er ikkje inngåing av kontrakt, og oppstart av infrastruktur, bestemt innan 2024 kan kjøpar trekke seg frå den bindande avtalen om kjøp av tomt. Det blir ikkje skrive endeleg kontrakt på tomta før det er meldt inn oppstart av infrastruktur. Ved signering av kontrakt blir det betalt inn 30% av avtalt tomtepris. Deretter skjer innbetaling i takt med framdrift av VA-anlegget fram til tomtegrense. Innbetaling skal skje til Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS sin klientkonto.
I SYLVDALEN BUR DU VERKELEG I HJARTET AV SUNNFJORD, MED KORT VEG TIL DET MESTE
Mange av tomtene er over ein dekar og mange har fjordutsikt. Alle tomtene ligg på Naustdal si solside. Her er ti gode grunner til å sikre deg tomt til din draumebustad – i dag:
- Solrike tomter med panoramautsikt, der fleire av tomtene har særdeles god utsikt mot fjorden
- Sentralt plassert i Naustdal. Kort veg til sentrum, 10 minutt med bil til fylkets største jobbmarknad – Førde, og 40 minutt til Florø.
- Ligg nært Sanden i Naustdal – ein av dei mest attraktive badeplassane i Sunnfjord.
- Tomtene ligg i skråande terreng. Dette gjer til at du får ei open og luftig bu-kjensle, med særs gode utsiktsforhold.
- Grunnarbeid kan bli laga som ein eigen tilleggsavtale. VA- anlegg til tomtegrensa vil bli opparbeida så snart 7 tomter er solgt.
- Særdeles barnevennlige omgjevnadar.
- Nærleik til både marka og sjøen.
- Tomtelfeltet ligg Naustdals beste solside – og har særs gode tilhøve for ettermiddags- og kveldsol.
- Kort veg til skule, barnehage, butikkar og fritids- og idrettsanlegg.
- Tomtene ligg i tilknytting til eit attraktivt bustadområde, over eksisterande byggefelt.
Tomtene har nærleik til både marka og sjøen. Tomtene ligg også nært Sanden – ei av dei mest attraktive badeplassane i Naustdal. Kort veg til sentrum, 10 minutt med bil til fylkets største jobbmarknad – Førde, og 40 minutt til Florø. Det er bussavgangar frå 06:00–23:30 kvar dag.