Berrvelltunet er eit bustadprosjekt i Naustdal sentrum. No er vi ferdige med tun C, med totalt 12 leilegheiter, frå 36 – 84 m² med 1-2 soverom. Ferdig utbygd vil prosjektet bestå av totalt tre tun med samla 34 leilegheiter, med heis og felles parkeringskjellar. Kvart tun vil bestå av to bygg, på to og tre etasjar.
Eksklusiv toppleilegheit
Det er mogleg å slå saman dei to leilegheitene på plan 3 til ei. Det skaper ei stor og eksklusiv toppleilegheit på 147 m2. Denne leilegheita blir heilt unik. Vi torer å påstå at den blir den einaste i sitt slag i Naustdal sentrum.
Du får då: To overbygde balkongar, tre soverom, og muligheit for eit fjerde soverom med utgang til overbygd balkong. Du får også stor walk-in garderobe, to bad, stort kjøkken, og stove med direkte utgang til overbygd balkong. Rett over gangen ligg den store fellestakterrassen.
Bygget og leilegheita ligg godt plassert med tanke på soltilhøve frå alle kantar. Dette blir ei toppleilegheit med det vesle ekstra – sentralt i høve Naustdal sentrum.
Parkeringskjellar med heis og bilfritt tun
Sjølv om du bur tett på sentrum, så må dei fleste av oss nytte bilen i blant. Den
parkerer du i parkeringskjellaren, der alle bebuarane har sin plass med tilhøyrande bod. Det frigjev
plass rundt tuna, slik at ein her har bilfrie, sosiale område der born og vaksne
kan opphalde seg.
Med parkering i parkeringskjellar slepp du også ut av elementa sitt grep på
dagar då veret ikkje speler på lag. Dei fleste vil nok sette pris på å kunne gå
tørrskodd frå bilen og heim når regnet eller snøen rår.
Lite vedlikehald = Meir fritid
For nokre er hagearbeid, vedlikehald og styr og stell med hus og hage rekreasjon.
Men mange vil heller bruke fritida si på andre ting, anten det er turar i fjell
og natur, trening, eller berre å kople av på terrassen.
Med bustad i Berrvelltunet slepp du i alle fall tenke så mykje på vedlikehald
og hage, du er fri til å bruke fritida på heilt andre ting. Det kan til dømes vere
å nyte kveldssola frå eigen terrasse, medan ein ser ut over fjorden og høyrer humla suse.
Og sjølv om heime er best, er det også kort til turar i naturen, anten det er
fjorden som lokkar, eller turar på fjellet.
Det meste ligg til rette for eit godt liv med bustad i Berrvelltunet.