Sted
Berrvellene 38, 6817, Naustdal, Norge
Innflytting
Ingen
2025
Pris fra kr
-
NOK
Ledige boliger
0
Berrvelltunet - leilegheiter til salgs nær Naustdal sentrum

Berrvelltunet er eit bustadprosjekt i Naustdal sentrum. No er vi ferdige med tun C, med totalt 12 leilegheiter, frå 36 - 84 m² med 1-2 soverom. Ferdig utbygd vil prosjektet bestå av totalt tre tun med samla 34 leilegheiter, med heis og felles parkeringskjellar. Kvart tun vil bestå av to bygg, på to og tre etasjar.


Eksklusiv toppleilegheit 

Det er mogleg å slå saman dei to leilegheitene på plan 3 til ei. Det skaper ei stor og eksklusiv toppleilegheit på 147 m2. Denne leilegheita blir heilt unik. Vi torer å påstå at den blir den einaste i sitt slag i Naustdal sentrum.
Du får då: To overbygde balkongar, tre soverom, og muligheit for eit fjerde soverom med utgang til overbygd balkong. Du får også stor walk-in garderobe, to bad, stort kjøkken, og stove med direkte utgang til overbygd balkong. Rett over gangen ligg den store fellestakterrassen.
Bygget og leilegheita ligg godt plassert med tanke på soltilhøve frå alle kantar. Dette blir ei toppleilegheit med det vesle ekstra – sentralt i høve Naustdal sentrum.

Parkeringskjellar med heis og bilfritt tun

Sjølv om du bur tett på sentrum, så må dei fleste av oss nytte bilen i blant. Den
parkerer du i parkeringskjellaren, der alle bebuarane har sin plass med tilhøyrande bod. Det frigjev
plass rundt tuna, slik at ein her har bilfrie, sosiale område der born og vaksne
kan opphalde seg.
Med parkering i parkeringskjellar slepp du også ut av elementa sitt grep på
dagar då veret ikkje speler på lag. Dei fleste vil nok sette pris på å kunne gå
tørrskodd frå bilen og heim når regnet eller snøen rår.

Lite vedlikehald = Meir fritid

For nokre er hagearbeid, vedlikehald og styr og stell med hus og hage rekreasjon.
Men mange vil heller bruke fritida si på andre ting, anten det er turar i fjell
og natur, trening, eller berre å kople av på terrassen.

Med bustad i Berrvelltunet slepp du i alle fall tenke så mykje på vedlikehald
og hage, du er fri til å bruke fritida på heilt andre ting. Det kan til dømes vere
å nyte kveldssola frå eigen terrasse, medan ein ser ut over fjorden og høyrer humla suse.
Og sjølv om heime er best, er det også kort til turar i naturen, anten det er
fjorden som lokkar, eller turar på fjellet.

Det meste ligg til rette for eit godt liv med bustad i Berrvelltunet.

Takterrasse
Parkeringskjellar
Gode solforhold
Tilrettelagt for El-bil
Heis

Boliger

Lys og triveleg leilegheit med to soverom. Open og stor kjøkken/stove-løysing med direkte utgang til overbygd balkong.

Areal
m2
Soverom
2
Pris fra
NOK
Les mer

Berrvelletunet er eit unikt høve til å bu i moderne og leilegheiter, nær Naustdal sentrum. Bygga blir bygd i ei romsleg tun-løysing. Du får felles takterrasse, private balkongar, parkeringskjellar og heis.

Areal
m2
Soverom
1
Pris fra
NOK
Les mer

Område

Nærmiljøet

Idrettsanlegg

Berrvelltunet ligger like ved en fotballbane, tennisbane og idrettsplass.

Friluftsliv

Med bustad her bur du særs nær naturen, og alt den byr på. Du bur like ved turstien Solsidevegen.

Dagligvare

Fra leilegheiten går du til butikken på nokre minutt. Du bur særs sentralt i høve Naustdal sentrum.

Transport

Berrvelletunet er 1 minutt med bil unna RV5. Innenfor 40 min har du tilgang til to flyplassar, og 12 minutt unna rutebilstasjonen til Firda Billag.

    Når du bur nær sentrum, kan bilen stå

    Bilen er viktig for dei fleste, men med bustad i Berrvelltunet legg vi opp til at du skal kunne bruke den mindre. For du bur jo nesten i Naustdal sentrum.
    Dei nærmaste naboane dine er ein barnehage, helsetunet og skulen. Du har kort veg til fotballbane/idrettsanlegg, matbutikk og alt anna i Naustdal.

    Kort veg til Sanden - eller nyt livet på eigen balkong

    På fine sommardagar ruslar du bort til Sanden på under fem minutt, der du kan nyte sommaren slik den bør nytast.
    Med sand mellom tærne, sol i andletet og bølgjeskvulp i øyra. Eller du kan nyte den på din eigen terrasse, eller i fellesområda i tunet.

    Her blir det godt å bu - anten du er nyetablerar- midt imellom- eller pensjonist

    Det skal være godt og enkelt å bu her, og alle skal kunne få ein god heim her. Spesielt dei som er ferdig med å bu i einebustad, og ønskjer seg ein lettare kvardag,
    og eit enklare liv. Når det er sagt: Her er det godt å bu, anten ein er pensjonist, midt i mellom, eller skal etablere seg med sin første bustad.

    Berrvellene har flat og fin tilkomst, i lettstelt flatt terreng. Du får fin utsikt over elva og resten av Naustdal, og gode soltilhøve.

    Se andre boliger til salgs

    forSale
    Tomter
    Familien din er gullet ditt. Det kjæraste. Heimen kjem på andre plass. Og den ligg i Sylvdalen.

    kr
    Naustdal, Norge