Om oss
Byggteam AS
Byggteam AS vart etablert i 1999 og er blitt eit firma med stor breidde innan bygg. Vi driv høvesvis med totalentreprisar av nybygg, rehabilitering og flis,og legg stor vekt på å levere arbeid med høg kvalitet til avtalt tid og pris. Her hos oss er ingen jobb for liten, og ingen jobb for stor.Lang erfaring, breidde og kompetanse gjer at du som kunde skal bli fornøgd.Fornøgde kunder er vår beste motivasjon,drivkraft og referanse.
Byggteam as er stadig i utvikling, som vidare har ført til oppstart av ei rekke selskap som driv med tomteland. Eigedomsselskap som driv kjøp og sal av eigedomar, husfirma som driv med totalleveranse av bustad og stillasfirma som driv med utleige av stillas.Byggteam har fått utmerkingar som gaselle-bedrift i 2004, 2006, 2008 og 2009. Dette er utmerkingar som viser jamn og solid vekst i åras løp. I 2009 flytta vi inn i nye lokale på Øyrane i Førde med kontor, lager og verkstad.
Vi er også forhandlar av VestlandsHus som leverer totalløysingar innan einbustad, fritids-og fleirmannsbustader. I den samanheng hjelper vi deg gjennom heile prosessen – frå planlegging til prosjektering og til huset står klart til innflytting. Lang erfaring og kompetanse gjer at vi kan hjelpe deg med å sette husdraumen ut i livet.

For meir info gå inn på dei forskjellige linkane på sida vår.



Brosjyre (3.89 mb)

 
 
Innholdet på websidene er beskyttet i henhold til Lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverksloven)
digikom web - en smart løsning fra digikom as